Fiskaren Jarand

Foto: NRK

Foto: NRK

Jarand Grøndal frå Halsnøy har vore med i den suksessrike dokumentarserien "Fiskerne". At ein alltid kan rekne heim den solide kvoten, og å tene store pengar på fiske, er ei sanning med modifikasjonar.

Serien nyanserer glansbiletet og skildrar det harde arbeidet som livet til sjøs byr på. Samstundes blir ein som sjåar innvia i den genuine gleda det er å henta heim naturressursar frå havet.

Etter nokre hektiske veker på sjøen har den energiske fiskaren frå Halsnøy, Jarand Grøndal (22), tatt seg nokre dagar fri. Me kjenner oss heldige som får bli med på båttur med den travle karen denne fine haustdagen i september.

– Eg har vore heime ei veke no, men har berre vore nokre timar i leilegheita mi på Landa. Eg er mykje på farten, fortel Jarand.

Når me møter han på moloen i Sæbøvik, kjem han rett frå frukost hos besto og morfar på Sætre.

– Der er eg stort sett kvar dag i vekene, det er fint å slå av ein prat med dei. Så får eg jo kaffi og god frukost då, blunkar Jarand lurt.

– Det er noko med det fine ved å bu på Halsnøy, her er eg nær familie, vener og tett på sjøen. Her er alltid noko kjekt å finna på. Denne veka har eg måla leilegheita til ein kompis, det er kjekt å hjelpa andre, smiler den sympatiske guten.

- Og så er det jo veldig sosialt!

Foto: NRK / Skjermdump frå "Fiskerne"

Foto: NRK / Skjermdump frå "Fiskerne"

Du er blitt TV-kjendis, kva tenkjer du om det?

– Eg har ikkje merka så mykje til det enno, men eg har fått nokre kjekke kommentarar på nærbutikken. Det er berre kjekt!

Jarand er sentral i den suksessrike dokumentarserien «Fiskerne», som vart vist på NRK i haust. Her får me eit innblikk i livet som fiskar, og at det slett ikkje er ein jobb for kven som helst.

– Tolmod, hardt arbeid, uvisse, fleksibilitet og ein kjærleik for livet på sjøen er nøkkelord i denne bransjen, slår Jarand fast.

- Dei som trur det er lett å tene pengar som fiskar tek feil, det er mykje hardt arbeid som ligg bak om ein skal leve godt av fiske.

Kva synest du sjølv om serien, får han fram det verkelege livet om bord?

– Eg har akkurat sett serien, og er imponert over kor mykje dei har fått med seg. Det er fint at folk likar han, og at dei valde å trekke fram fiskaryrket slik det er. Eg tenkjer at folk ser at det ikkje er for kven som helst, men eg håpar og trur og at mange kan verta inspirert til å ta ei utdanning i den retninga, og det er veldig bra.

Det er alt gått 2-3 år sidan NRK tok kontakt med fiskarane på Raunefjord med ynskje om å ha dei med i serien.

– Me takka ja, men visste nok ikkje heilt kva me gjekk til. Det gjekk stort sett fint å ha filmteamet rundt oss, sjølv om eg må innrømma at det var godt dei kom og gjekk litt. Me fekk beskjed om at 3-4 timars filming resulterte i 2-4 minutt sending, så du kan jo tenkje deg, det kan bli trongt og litt mykje på ein liten fiskebåt, humrar han.

Foto: NRK

Foto: NRK

"Fiskerne" er ein norsk dokumentarserie på åtte episoder som vart vist på NRK1 i haust. Her får ein innsyn i norskekysten sine hardtarbeidande fiskarar som lever tett på einannan i vekevis, og som må tola mykje venting, bomfiske og frustrasjon. Serien tek for seg unge, rastlause gutar som får stort ansvar tidleg i livet, så vel som fiskarar med lang erfaring. Jarand Grøndal (22) frå Halsnøy er ein av fleire unge fiskarar som medverkar i serien.

Jarand har fiska så lenge han kan hugsa. Det var far hans, Leif Arne Grøndal, og morfaren som tok han med på sjøen som liten gut.

– Eg likte meg godt på sjøen, men hadde vel eigentleg ikkje noko val heller når far min ville ha meg med tidleg på morgonen, ler Jarand.

– Eg var ein aktiv gut, det måtte skje noko. Livet på sjøen var ei god avkopling, eg treivst godt og fann roa der ute. Då Jarand var gammal nok til å køyra båt sjølv, fekk han overta morfaren sin gamle loddebåt.

– Eg brukte mykje av ungdomstida mi i den båten. Medan kompisane mine spela fotball, var eg ute og fiska og sette garn. Hadde eg stor fangst gav eg det vekk til familie. Eg må innrømma at eg selde litt også, medgir han.

- No står båten på låven hos morfar. Når han trong ny motor valde eg å kjøpa meg ein ny båt i staden. Det har blitt litt skruing opp gjennom åra. Pappa har alltid mobba meg for at eg har ti tommeltottar, men etter å ha skrudd nokre år, har eg visst berre åtte, ler Jarand.

På ungdomsskulen bestemte Jarand seg for å satse på fiskaryrket.

– Eg kom inn på naturbruk på Austevoll vgs. Etter eit fint år der, starta eg i lære. Det var ein draum å gå på ei line eg hadde interesse for. Eg vart meir motivert og jobba betre. Karaktersnittet kom seg også samanlikna med det eg hadde på ungdomsskulen. Eg er veldig glad for at eg utdanna meg for nokre år sidan, no veit eg ikkje om eg hadde kome inn ein gong.

Lina har nemleg blitt veldig populær i det siste. Akkurat det synest Jarand er dumt. Det er mange flinke og engasjerte ungdomar som burde kome inn der, men som kanskje må ta andre val.

– Gulrota det året var turen til Lofoten med skuleskipet vårt. Me var der nokre veker og fekk verkeleg kjenna på livet som fiskarar. Me fiska skrei og torsk. Det var veldig lærerikt, sosialt og moro.

Dei siste åra har det blitt fleire jenter på Havbrukslina.

– Det er berre positivt! Det viktigaste er at ein er interessert og engasjert i det ein driv med.

Livet om bord i kjendissjarken Raunefjord er fint.

– Eg trivst veldig godt. Me er tre faste om bord, ein lærling og nokre vikarar innimellom. Me vert som ein familie som gjer det meste i lag – ser tv saman, går turar når me er i land eller berre slappar av. Det hender også dei tek seg ein fest når skuta ligg til kai.

– Det må til, det! Svolvær er ein kjekk plass å lufte seg litt, flirer Jarand.

Om bord gjer Jarand det meste. Alt frå middagslaging og styring av båten, til å sjå etter at alt fungerer i maskinrommet.

– Det er ikkje alltid det vert middag på oss. Plutseleg må me hive oss rundt og vere klar for å kasta. Me må trø til når sjansen byr seg og fisken er der, forklarar han.

Den erfarne fiskaren slappar aldri heilt av før fisken er om bord i båten.

– Stundom går det fort å fiske kvota, andre gonger dreg det ut. Me kan leite etter fisk i både ei veke og to, og då er det ekstra keisamt om det blir bomkast. Det er same jobben som må gjerast om ein får 0 eller 20 tonn fisk. Me har gjort det nokre gonger for å seia det slik, fortel Jarand.

– I år har det gått litt trått, og me fekk ikkje kvota før sommaren. Etter ein månad ferie reiste me nordover og henta båten, så no fiskar me i nærområdet rundt Sotra, der båten er stasjonert.

No har dei heldigvis fått kvota. 840 tonn med makrell.

– No er det hestmakrell og sild me fiskar etter. Hestmakrell kan me fiska så mykje me vil av, det er bra. Det er mykje fisk der ute, smiler han.

Eg brukte mykje av ungdomstida mi i båten. Medan kompisane mine spelte fotball, var eg ute og fiska og sette garn.
- Jarand

I serien kjem det fram at det kan vera vanskeleg med dei lange friperiodane. Det vert gjerne tomt og stille etter å ha vore lenge saman med folk til sjøs. For Jarand er ikkje dette eit problem.

– Eg er rastlaus av meg, trur eg kan telja opptil 10 kaffibesøk kvar veke, ler han.

– Nokre gonger reiser eg ein tur, berre gjer det eg kjenner for. Det er fint. Snart skal eg besøke søster mi, Hanne, i Danmark. Det er fint å kunna gjera slike ting.

Fiskaryrket krev at ein er fleksibel både når det gjeld kva tid ein vert kalla ut på fiske, kor lenge ein blir og at ein må vera med på det meste av oppgåver som føregår om bord.

– Eg er ikkje så glad i å køyra båt sjølv, det blir for keisamt. Då lagar eg heller middag, tek oppvasken og slike ting. Ofte må me snu døgnet når me er ute. Akkurat no er det lysefiske me driv med, og då jobbar me om natta. Å få kvota på kort tid er ikkje alltid like stas, meiner Jarand.

– Eg likar jo godt å fiska, så då vil eg jo gjerne ut igjen etter kort tid.

Kva tenkjer du om framtida? Kjem du til å busetja deg på Halsnøy og fortsetja i fiskaryrket?

– Eg er nok ein ekte Halsnøy-gut, og har ikkje tenkt å flytta på meg. På Halsnøy har eg vener, familie og sjølivet. Alle kjenner alle og det kjennest trygt og godt. Eg kunne aldri tenkja meg å bu i ein by, det freistar ikkje. Ei natt og to på hotell går fint, men det er alltid like godt å koma heim igjen, smiler han.

– Eg kjem til å halda meg til sjø og fiske, så får me berre sjå om eg ein gong blir kaptein på eigen fiskebåt!

At fiskarane frå serie «Fiskerne» tek jobben på alvor er det inga tvil om.

- Filmteamet ringde og ville ha oss med på premierefest, men då var me på fiske og hadde ikkje høve. Dei har lova at me skal ta det att, så får me berre sjå. Det hadde vore kjekt det, smiler den aktive fiskaren frå Halsnøy.