— Det har vore ei utruleg spanande reise å vera med på

Det byrja som eit lite, lokalt konsulentfirma. Ti år og nokre oppkjøp seinare har Aritech vakse seg til å bli eit solid og stort totalteknisk firma. Ein av dei som kom med på reisa er elektrikar Kjartan Tharaldsen, som jobba i Grov Elektro då dei vart kjøpt opp av Aritech i 2018.

— Det er jo alltid ein risiko med å satsa. Men her har det verkeleg gått vegen og blitt eit av dei store firmaa på øya. Det har vore utruleg kjekt å få vera med på, seier Kjartan og legg til,

— Så er me heldige som har fått vera med på så mange lokale storprosjekt.

Lærling og læresvein

I dag er Kjartan stasjonert i Borggata i Leirvik sentrum, der eit stort næringsbygg skal innreiast. Med seg har han lærling Eirny Onarheim Frøyseth.

— Eg har hatt mange lærlingar med meg gjennom tida. Det syntest eg er veldig kjekt!

Dei har jo hundre spørsmål heile tida, som eg skal kunna svara på. Det gjer at eg heile tida må halde meg oppdatert på nye forskrifter, produkt og teknologi som finst på marknaden. Det trur eg også er med å halde interessa for faget oppe.

Det gode arbeidsmiljøet

Inne i Borggata 11, som det kallast, susar travle handverkarar forbi. Nokre heng oppunder taket med leidningar og røyr som skal koplast opp, andre står med hovudet i ein sikringsboks. Alt skal nemleg bli klart til desember. Likevel er det mykje latter, smil og kjekke samtalar medan dei arbeider. Det gode arbeidsmiljøet er noko dei begge set stor pris på.

— Me har det utruleg fint saman. Det er nok fordelen med å jobbe på slike store prosjekt. Då blir ein veldig godt kjend med kvarande, seier Eirny.

— Så er her ein god blanding av unge og gamle, menn og damer. Det trur eg er viktig, seier Kjartan, som klart ser fordelane med eit alder— og kjønnsblanda arbeidsmiljø.

— Damene har gjerne eit litt anna tankesett, og så er det mykje tak i dei. Det gjer at me utfyller kvarandre veldig bra på arbeidsplassen. Og medan det kanskje er litt meir fart i dei unge, har dei eldre mykje erfaring å komma med.

Litt tilfeldig

Både Kjartan og Eirny trivst godt i yrke sitt, men det var mange tilfeldighetar som gjorde at dei skulle ende opp som elektrikarar.

— Eg har alltid vore interessert i elektro og «duppedittar», så det var eit naturleg val for meg då eg byrja på vidaregåande. Men sidan det var så få læreplassar då eg var ferdig med VG2, var planen å gå påbygg for å bli ingeniør, fortel Kjartan.

Etter Kjartan hadde byrja på forstudie til ingeniør, kom tilbodet han venta på.

— Eg ønskte meg jo først og fremst eit fagbrev. Så då eg fekk tilbod om læreplass, trakk eg meg frå ingeniørstudie. Eg har tenkt på det i ettertid, men eg har aldri angra på at eg tok det valet eg gjorde. Eg trivst utruleg godt i jobben min, seier Kjartan, som har nær 20 år i yrket.

— Mange har inntrykk av at det ikkje held å vera fagarbeidar, men det gjer det! Det er eit levande yrke, som stadig er i utvikling. Ein får spennenda og varierte dagar. Og så har ein gode mogelegheiter for å byggje vidare på kompetansen, sjølv utan å måtta tilbake på skulebenken.

Turte ikkje gå motstraums

Eirny, på si side, vågde ikkje ta steget som 16—åring. Sjølv om yrkesfag stod øvst på lista.

— Alle venene mine søkte seg inn på studiespesialiserande. Då ville ikkje eg vera den einaste som gjekk yrkesfag. Sett tilbake skulle eg nok ønska at eg var litt tøffare.

Men etter nokre år, bestemte Eirny seg likevel for å ta steget.

— Det er eg utruleg glad for i dag. No har eg vore lærling i Aritech i snart to år, og trivst utruleg godt. Det er ein variert jobb, der du kan lære medan du jobbar, i staden for frå ein skulebenk. Og for meg, som hatar å sitte i ro, er det perfekt med ein jobb der ein er så aktiv.

Spent på framtida

Etter mange store prosjekt bak seg, og fleire i vente, ser dei to handverkarane positivt på framtida i Aritech.

— Så syntest eg at det er utruleg spanande med alle dei teknologiske nyvinningane som kjem meir inn i marknaden no, seier Kjartan, og peikar både på solceller og smartteknologi, som er nokre av dei tenestene Aritech tilbyr.

— Ja, det er nok mykje spanande som folk kanskje ikkje tenker elektrikarane står bak, legg Eirny til.

Og med all den nye teknologien, som ofte krev tverrfagleg kompetanse, set dei pris på å vera eit totalteknisk firma.

— Det blir gjerne litt betre flyt i dei store prosjekta når ein har alle faga under eit tak!

 

Kontakt oss

Tlf. 53 40 42 40
post@aritech.as