Stortrivst på sjøen i
vær og vind

Som 24-åring blei Renathe Hagen-Lunde (27) lokalitetsansvarleg for eitt av Alsaker Fjordbruk sine matfiskanlegg på Tysnes. Jobben har også ført ho saman med sambuaren.

Midt ute i Bjørnafjorden ligg eit stort oppdrettsanlegg. I den djupe fjorden veks 750.000 laks seg slakteklare, og det er Renathe Hagen-Lunde som har ansvaret for å passa på at alt går som det skal. Lindarholmen skil seg nemleg frå fleire av dei andre lokasjonane til Alsaker Fjordbruk – her vert fôring, røkting og overvaking av laksen utførd direkte frå båt.

VINDEN PISKAR MOT ansiktet og dei kraftige bølgjene får Renathe til å setja sjøbein idet båten hennar, «Høno», legg ut frå Malkenes kai og set kursen mot oppdrettsanlegget. Ein fôrbåt er allereie ute og matar fisken i merdane, medan ein servicebåt spylar nøtene reine for groe. I lufta er det snø, fjorden held fattige fem-seks gradar. Med ei stødig hand på roret navigerer ho båten trygt gjennom bølgjene, og bruker thrusterane til å leggja båten inntil merden. Ho klyv over på den svarte gangbana med ei fôrbøtte i handa.

– Det er dette eg trivst med. Å vera ute i all slags vêr og vind, smiler ho.

RENATHE HAGEN-LUNDE er født og oppvaksen i Lundegrend på Tysnes. Ho traff det som no er hennar sambuar på arbeid i 2017. Hans Espen Mundal er serviceskippar på Katla, ein av servicebåtane til Alsaker Fjordbruk. No ventar dei born nummer tre og bur på heimgarden til Renathe i Lundegrend.

Både søster til Renathe og hennar sambuar jobbar også på Alsaker sine anlegg – og veslebroren har lyst til å bli matros.

– Ein skulle kanskje tru at me snakkar om jobb heile tida, smiler ho og dreg på det.

– Men det er helst på telefon når Hans Espen er ute på jobb i to veker på båten at praten går i arbeid. Elles er det overraskande lite. Også Hans Espen kjem frå ein familie med lange tradisjonar hos Alsaker Fjordbruk – to av tre brør jobbar i bedrifta, og bestefaren hans var driftsleiar i over førti år på settefiskanlegget Fjon Bruk i Sveio.

Renathe møtte sambuaren på arbeid i 2017. Hans Espen er skippar på Katla, ein av servicebåtane til Alsaker Fjordbruk.

Renathe møtte sambuaren på arbeid i 2017. Hans Espen er skippar på Katla, ein av servicebåtane til Alsaker Fjordbruk.

SJØLV STARTA RENATHE som TAF-lærling (Teknisk og Allmenne Fag) i 2011 og har jobba med både reinsefisk og laks. Som TAF-lærling får du teoretisk opplæring i skule kombinert med praktisk opplæring i bedrift. Du oppnår dermed dobbel kvalifikasjon: både fagbrev og realfagkompetanse.

– Etter at eg tok fagbrevet i akvakultur hadde eg eigentleg tenkt å bli lærar. Eg gav leiinga tydeleg beskjed om at dei ikkje trong å rekna med meg vidare, og hadde fått studieplass på HVL. Men så ville eg ikkje flytta til Stord, då. Eg er veldig heimekjær og hadde lite lyst til å flytte frå alle dyra mine, smiler ho.

Difor hald ho fram i jobben hos Alsaker og fekk arbeid på det heilt nye reinsefiskanlegget på Onarheim. Her var ho stasjonert på land, og var i tillegg assisterande driftsleiar ein periode.

– Eg hadde læretida mi her i Tysnes Fjordbruk, og har alltid visst at eg ville på sjøen igjen. Difor vart eg veldig glad då eg fekk moglegheita til å komme tilbake på sjøen, og arbeide her på Lindarholmen.

SOM TYSNESING ER Renathe oppvaksen med fjord og flott natur, og har vakse opp med sjøen som næraste nabo. Men sjølv om ho både fôrar, røkter og dissekerer fisk på jobb, betyr ikkje det at ho verken et særleg mykje laks eller vil sløya fisk på heimebane.

– Nei, jobb er jobb og privat er privat. Eg kan ta i fisk for ungane mine sin del, men eg vil helst unngå det utan at eg har hanskar på meg, ler ho.

Arbeidsdagane som lokalitetsansvarleg er varierte. Det er alltid noko som må gjerast, og ho er van med å ta i eit tak.

– Eg likar så godt at det skjer noko! Her ute har du mange faktorar som du ikkje kan styra, og som gjer at du ikkje veit korleis arbeidsdagen blir. Vêr og vind påverkar dagane i stor grad, og me må gjer ting litt annleis sidan me ikkje har ein flåte slik som mange av dei andre anlegga har.

Å VERA PÅ SJØEN kan vera risikofylt, og det er eit stort ansvar som kviler på Renathe sine skuldrer. Anlegga er underlagt strenge reglar og restriksjonar som lakseoppdrettarane må forhalda seg til.

– Difor tek me stikkprøvar for å telja lus, dissekerer og sender inn prøvar til analyse og passar heile tida på at laksen har det bra.  Ho trivst godt som tilsett i Alsaker Fjordbruk og fortel at det er ein fin og samansveisa gjeng. Om beslutningar skal takast er linjene korte, og ting får raske avgjerder.

– Sjølv om me er 350 personar som jobbar her, var eg på hels med dei aller fleste på julebordet. Det seier litt om forholda, smiler ho.

TILBAKE PÅ OPPDRETTSANLEGGET hoppar laksen glad i bølgjene. I den djupe fjorden skal han veksa seg større før han vert frakta til slakteriet på Sunde. Med vante bevegelsar losar Renathe oss trygt inn att til hamn. Det hender berre eit fåtal gonger i året at forholda er så ekstreme at dei ikkje kan gå utpå med båten for å fôra.

– Det er nydeleg å jobba på sjøen, både på vindstille solskinsdagar og i blest og hauststormar. Sånn sett passar denne jobben meg midt i blinken, smiler ho.