Starta festival for å setja Tysnes på kartet:
- Musikken vart vårt verktøy

Med ønskje om å skapa aktivitet i bygda, flytta Sigvard Madsen og kompisgjengen heim for å starta Tysnesfest. 16 år seinare utvidar dei med nytt kulturkonsept for å hjelpa andre festivalar i startfasen.

- Det har vel vore sagt litt flåsete tidlegare at vi eigentleg ikkje er så veldig musikkinteresserte, seier Madsen, som i dag er styreleiar i Tysnesfestivalen. For dei som starta det heile, handla nemleg det å laga festival meir om å samla bygda enn sjølve musikken.

- Vi var berre ein kompisgjeng som flytta heim og for det første hadde lyst til å ha noko å gjera på og for det andre ville få noko til å skje i bygda. Musikken vart vårt verktøy, seier Madsen og legg til:

- Når det er sagt må ein jo sjølvsagt ha litt interesse for musikk for å orke å halda på med dette i så mange år.

Foto: Camilla Korsnes

Foto: Camilla Korsnes

Sigvard Madsen

Sigvard Madsen

- Ikkje tre bind med strategiar og planar

Då første festival gjekk av staben i 2007, var det i ein noko mindre skala enn slik vi kjenner Tysnesfest i dag.

- Det byrja med at vi fekk lov til å ta over ansvaret for den årlege bryggedansen og marknadsdagen som vi har hatt om sommarane her på Tysnes. Sidan har det vakse seg stort, seier Madsen.

Sigvard Madsen

- Kva ambisjonar hadde de den gong?

- Ingen! Vi hadde ein ambisjon, og det var å setja Tysnes på kartet. Det var ikkje tre bind med strategiar og planar, men om å gjera å skapa noko på den plassen vi flytta heim til og var glade i. Det var ikkje før nokre år seinare at ambisjonane også kom snikande.

- Tre år seinare, i 2009, byrja det verkeleg å bli festivalstemning. Då hadde vi booka større band og konsertar over 3-4 dagar. Det var då vi verkeleg byrja å sjå potensialet, seier Madsen.

I følge Madsen signaliserer denne suksessen ein viktig bodskap.

- Dette viser at ein må ha tru på ungdomen og la dei sleppa til dersom dei har lyst til å få til noko.

Ser ein auke i folketal

Sidan har Tysnesfest vakse til å bli ein av Norges største festivalar, og det er tydeleg at kompisgjengen som starta det heile har lukkast i sitt «bygdeutviklingsprosjekt».

- Vi skal ikkje skryta på oss at vi har sørga for folkevekst eller noko slikt, men ein ser ein trend på eit folketal som tydeleg gjekk nedover ein periode før festivalen starta, og som allereie få år etter fyrste festival byrja å gå opp, seier Øystein Vaage, festivalsjef for Tysnesfest.

Han trur også at festivalen har hatt ein positiv verknad på unges identiet.

- Identiteten til både ungdomar og eldre på Tysnes har blitt styrka. Vi opplev at særleg unge er meir stolte av kvar dei kjem frå no enn tidlegare, seier Vaage.

Satsar på nytt kulturkonsept

Vidare satsar Vaage og Tysnesfest vidare på nytt kulturkonsept, nemleg Kulturkontoret AS som er eigd av Tysnesfest og Tysnes Kraftlag.

- Grunnen til at vi starta dette er rett og slett fordi vi har lyst til å arrangera meir enn Tysnesfest, samt hjelpa andre festivalar med oppstart og utvikling, fortel Vaage.

Med seg på laget har han fått Jostein Sydnes, tidlegare festivalsjef for Stordfest, som kultursjef. I tillegg til Tysnesfest, skal dei arrangera bransjefestivalen 100 dagar, event og jubileum for firma.

- Slik får vil litt fleire bein å stå på økonomisk, og så sørgjer vi for å skapa meir aktivitet i vinterhalvåret, seier Vaage og legg til: - Vi har også som mål å kunne skapa fleire arbeidsplassar allereie frå 2023.

Øystein Vaage

Øystein Vaage

Jostein Sydnes

Jostein Sydnes

- Eit enormt engasjement

Sydnes på si side gler seg til å ta fatt på oppgåva som Kultursjef. Sjølv synest han det er motiverande å sjå korleis kultur verkar samlande for bygdemiljøet.

- Når det kjem til festival og kultur og slikt så er det ikkje alltid målbare ting. Men det seier noko om viktigheten av det når så mange i lokalmiljøet vel å engasjera seg, seier han og held fram:

Jostein Sydnes

- Tysnesingane har eit enormt engasjement, og det ser ein når 1/3 av alt som kan krype og gå av menneske på Tysnes er med å bygge festival kvar sommar.

Han synest også det er kjekt at stadig fleire unge ønskjer å være med og bidra.

- Det rekrutterast veldig godt, og det er veldig mange unge som har lyst til å være med i styre og som frivillige. Det tyder på at ein har gjort mykje rett, seier Sydnes.

Lagar meir aktivitet for born

I tillegg til utviding med nytt konsept, satsar også Tysnesfest på å utvide barne og familieprogrammet sitt til neste år.

- Det synest eg er kjekt, at vi fokuserer på å laga litt meir aktivitet for familiar og gjer dette programmet endå betre, seier Vaage.

Elles kan dei også frista med mange spanande artistar på hovudscena.

- Nokre av dei vi gler oss mest til er Ylvis, Highasakite, K2, Julie Bergan og TNT, seier Vaage.

- Gje gass

På spørsmål om kva råd dei tre festivalarrangørane vil gje til unge som har lyst til å starta festival i dag, er dei klar i talen.

- Det er berre å gje gass, seier Madsen. Han legg også til at det er viktig å tørre å nytte ressursane ein har rundt seg.

- Ein må berre prøva seg fram og så må ein tørre å spørre om hjelp. Vi har spurt mykje om hjelp opp igjennom. Dette er også Sydnes einig i.

- Sjølv om det kanskje er vanskelegare å starta opp i dag, så er det mykje meir hjelp å få. Det finns mykje femstivalkompetanse rundt omkring og folk er veldig villige til å hjelpa, seier han.

- Og hvis dei er i tvil om noko, så kan dei alltids ta kontakt med Kulturkontoret så kan vi hjelpa dei, skyt Vaage inn.