Rebecka (26) flytta heim
og starta eigen klinikk

Etter å ha utdanna seg til osteopat gjekk vegen heim til Bømlo for Rebecka Refvik. Draumen om eigen klinikk kom snarare enn ho tenkte. No driv ho si eiga bedrift og trivst godt heime på Svortland med sambuaren sin.

Rebecka Refvik var berre 24 år då ho starta for seg sjølv. Frå avgjerda var tatt, gjekk det eit halvt år før Bømlo osteopati på Svortland vart opna i februar 2021. Ho har hatt stor pågang av pasientar frå første dag og er glad for valet ho tok om å drive for seg sjølv.

GODT NETTVERK

– Eg fekk enormt god hjelp av familien med oppussing av lokala, og både fysisk og mental støtte elles. Dei har vore fantastiske, smiler Rebecka, og legg til at både venner og kjente har støtta ho i prosessen. Ho er tydeleg takksam for hjelpa og engasjementet frå folka rundt seg.

God støtte har ho også i sambuaren Christoffer. Dei vart kjærastar etter at ho kom tilbake til Bømlo og hadde starta opp klinikken. Rebecka opplevde at ho framleis hadde eit godt nettverk då ho kom heim igjen. Nokre vener har budd på Bømlo heile tida, andre flytta tilbake tidlegare, og nokre har kome heim etterpå.

– Det er veldig kjekt, seier Rebecka.

BALANSE MELLOM ARBEID OG FRITID

– Mykje av tida mi går til arbeid, og det er viktig å finne ein god balanse mellom jobb og fritid. Sidan eg jobbar mykje i vekene prøver eg å halde helgene heilage, men det er ofte dei også blir brukt til jobb. På fritida likar eg å vera sosial, eg går i klubb, eg trenar styrketrening og eg spring. Eg høyrer podkast kvar einaste dag, og det kan være alt mogleg frå fagleg innhald til enkel underhaldning, fortel Rebecka.

Rebecka er oppteken av at ein må lære å kople av og ta vare på seg sjølv. Det er tøft å drive klinikk heilt aleine, og det er difor viktig å prioritera mykje søvn og ta gode val for eiga helse. Dersom ikkje ho fungerer, fungerer heller ikkje bedrifta. Stundom tek ho og Christoffer seg ein helgetur, til dømes på hyttetur, hotell i Bergen eller Stavanger. Dei er også ofte innom familiane på ein kopp kaffi eller to. Det held med slike småturar, både fordi jobben tek tid, og fordi ho er heimekjær og trivst godt heime på Svortland.

VEGEN FRAM

– Eg har alltid likt meg på Bømlo, seier Rebecka.

Ho er oppvaksen med mor, far og to søsken på Meling, og ho hadde ein fin barndom i trygge, gode omgjevnadar. Etter vidaregåande skule tok ho eit friår, og arbeidde som pleieassistent på sjukeheimen. Der treivst ho veldig godt, og ho vart sikker på at ho ville velja eit yrke der ho fekk jobba med folk. Etter eit halvt år ville den treningsglade og helseinteresserte jenta fordjupa seg i interessene sine, og ho starta på eit personleg trenarstudium på Akademiet for personleg trening i Oslo. Det innebar samlingar annankvar helg frå januar til juni, i tillegg til arbeidet på sjukeheimen.

– Under utdanninga til personleg trenar vart eg bitt av basillen. Eg vart så interessert i fysiologi og anatomi at eg ville utdanna meg vidare innanfor feltet. Etter å ha lese meg opp på ulike moglegheiter, fall valet på osteopati, som er ei fireårig utdanning, fortel Rebecka.

REISTE HEIM NÅR HO KUNNE

Rebecka kjente at det var rett val, sjølv om det vart ein hard start på studiet.

– Eg hadde ingen plass å bu då eg kom til Oslo for å studere på Høyskolen Kristiania, så eg budde ei veka på Airbnb, deretter i kollektiv og til slutt fekk eg meg ein studenthybel, seier Rebecka, som opplevde at studiet gav så mykje og var så spennande at det var verdt det.

– Eg reiste heim til Bømlo, familien og vennene mine ved alle moglege høve, ler Rebecka. Eg ofra både eksamensfestar og anna for å kunne ta turen heim så ofte som mogleg.

– Og eg vart veldig tydeleg på at eg ville flytte heim igjen, men eg hadde ikkje trudd det skulle skje så snart etter studiet.

Heimturen gjekk via eit halvt år i Bergen, der ho arbeidde som sjølvstendig næringsdrivande på Atlasklinikken.

OSTEOPATI

– Osteopati er eit veldig interessant og spennande fag, fortel Rebecka engasjert.

Tidlegare vart osteopati rekna som alternativ behandling, men frå 1.mai 2022 er osteopat ein beskytta tittel som kjem innunder lov om autorisert helsepersonell. Det har vore veldig positivt for osteopatien og profesjonen å få den anerkjenninga, seier Rebecka, og legg til at det er ein tryggleik både for pasientar og behandlarar at dei no har formell godkjenning.

– I osteopatien bruker behandlaren hendene til å undersøka og behandla pasienten, seier Rebecka.

Ut frå undersøking, samtale og sjukehistorie finn ein ut om pasienten skal sendast vidare eller om ein skal starte behandling. Osteopaten jobbar med blant anna musklar og ledd, i tillegg til at ein kan hjelpe med funksjonelle mage/tarm- og urinvegsplager, gjennom teknikkar som massasje, tøying, manipulering og mobilisering. Ein gir råd og rettleiing om korleis pasienten kan bli betre, eller iallfall få ein betre kvardag. Ein kan seie at i osteopatien hjelper ein kroppen til å hjelpe seg sjølv, forklarar Rebecka.

– Eg gir òg råd og tips om trening, og her kjem utdanninga mi som personleg trenar til god nytte, seier Rebecka, og fortel at ho held på å bygga opp ein treningssal kor ho vil tilby barseltrening, kurs i pust og avspenning, samt ein-til-ein treningsrettleiing. Ho likar å halde seg aktiv og trenar der sjølv, ofte saman med familie og sambuar.

TRIVST MED VALA

Det er tydeleg at Rebecka er glad i det ho driv med og tilfreds med vala sine, både det å starte for seg sjølv og å kome tilbake til Bømlo.

– For min del har det vore heilt fantastisk å flytte heim til Bømlo, avsluttar Rebecka med eit strålande smil.