Nattevakt på skip i USA
vekte liv i øl-interessa

I 2016 sa Øystein Huus opp jobben sin som sjømann for å satsa for fullt på ølbrygging hos bryggeriet «En Liten Øl» på Fitjar.

- Eg høyrde snakk om at nokre av grunneigarane på Kråko kunne tenkja seg å starta bryggeri, og i utgangspunktet tok eg kontakt med dei fordi eg ønskte å kjøpe aksjar i selskapet, fortel Huus.

Men fort vart han ein av dei mest sentrale for prosjektet.

- Dei spurte meg vel eigentleg rett ut om eg var interessert i jobben som bryggerimeister, og etter litt «soulsearching» bestemte eg meg for å hoppa i det, seier han.

Nytta friperiodane til ølbrygging

Etter mange år som sjømann kjendes det rett for Huus å byta beite, som i fleire år hadde drive med ølbrygging på hobbybasis.

- Som sjømann hadde eg ofte lange friperiodar på fire og seks veker, så det var mykje tid til å driva med ølbrygging, seier han.

Sjølve interessen fekk han på jobbtur til USA.

- Rundt 2009 jobba eg ein del i USA, og på den tida var handtverksbølgja større der borte enn i Norge, noko som resulterte i mykje spanande og godt øl, fortel Huus.

Slik vart det til at også han fekk lyst til å hiva seg på handtverkstrenden. Den ledige tida han hadde på jobb vart dermed brukt til å læra om brygging.

- Som sjømann vart det mange nattevakter, og med internett som minste underhaldning vart eg ofte sitjande å sjå ein del på videoar om brygging og slikt. Slik at eg kunne eksperimentera då eg var heime, fortel Huus.

Blir sjeldan overraska

I dag brukar Huus derimot mindre tid på eksperimentering når han skal gå fram for å bryggja øl.

- No går det meir i fullskalaproduksjon. Når ein har heldt på med dette ei stund veit ein omtrent kva ein får ved å kombinere dei ulike ingrediensane og temperaturane, seier han og held fram:

- Det er ikkje dei største overraskingane at anten blir det drikkande eller ikkje. Eg kjenner meg trygg på at vi leverer gode produkt.

Ifølgje Huus er det to måtar å kjenneteikna ein god øl på.

- Ein måte å kjenneteikna ein god øl på er om den er stilrett, altså om den har trekk som samsvarer med stilen den er laga i. Det eg derimot synest er viktigare er om det er ein øl som ein kjenner at ein vil drikka ein eller to til av, seier han.

- Vil laga øl som folk blir glad i

For «En Liten Øl» har målet, i følge Huus, heile vegen vore å laga øl som passar for alle og samstundes gje folk mogleheita til å oppdaga nye smakar.

- I eit økonomisk perspektiv må me lage øl som sel. Derfor byrja me litt forsiktig med det me kallar «allmennaksepterte» smakar som pils, bayer og IPA, seier Huus.

I dag har derimot bryggeriet eit vidt spekter av smakar.

- Me turte å eksperimentere litt meir etter kvart med til dømes surøl med fruktsmak og øl brygga på eikefat og slikt. Det er viktig for oss å kunne tilfredsstilla både faste kundar som kjøper den same ølen om og om igjen og uteplassar som vi har leveringsavtalar med, samt kundar som er på jakt etter å prøva ut nye ting, fortel Huus og legg til:

- Til sjuande og sist vil me laga ein øl som folk blir glad i og som dei vil kjøpa igjen.

Viktig med reinhald og loggføring

I følge Huus er det fleire ting som er viktig å tenkje på for at ein skal lukkast med ølbrygging.

- Det aller viktigaste er reinhald. Dette er fordi det er så lett å øydelegge produktet dersom det blir infisert. Steget frå ein har laga ølet til ein får kjølt det ned er nemleg utruleg sårbart, og ein lagar ein perfekt grobotn for bakteriar om ein ikkje er flink å passe på reinhaldet, seier han.

Samstundes legg han vekt på at det er viktig å loggføre undervegs i bryggeprosessen.

- Dette er den einaste måten ein klarer å spore tilbake og finne ut kva ein har gjort dersom resultatet blir veldig bra eller veldig dårlig, seier Huus.

Satsar som leverandør

Sidan oppstart har handbryggeriet «En Liten Øl» hatt fleire høgdepunkt. Blant anna hausta dei sin første seksar i VG i 2018. Men for Huus har det største høgdepunktet vore noko heilt anna.

- Det eg personleg synest har vore mest stas er då me fekk hovudleverandøravtale med baren «Åtgaum» i Leirvik. Dei har vore vår første storkunde og samarbeidet har vore ei suksesshistorie for begge partar.

Vidare ønskjer han å satsa som leverandør til fleire større aktørar, både på og utanfor Vestlandet.

- Vi har eit ønskje om å vekse i hotell, restaurant og catering marknaden. Samstundes skulle vi også hatt leverandøravtalar med fleire pubar.