Har alltid visst kva ho ville bli

For Lene Gjøsæther var yrkesvalet enkelt. Ho bestemte seg allereie i barndommen for at ho skulle bli optikar og arbeide hos Brilleriet på Stord.

Som 8-9 åring oppdaga Lene Gjøsæther at synet ikkje var som det skulle. Ho måtte sitte nær både TVen heime og tavla på skulen for å sjå klart. Også dei heime oppdaga at noko var gale. Vegen gjekk til Brilleriet på Stord der ho fekk tatt ein synstest. Der fann dei ut at ho var nærsynt og måtte ha briller.

- Det var heilt fantastisk å få briller, seier Lene Gjøsæther, optikar ved Brilleriet. Plutseleg fekk alt skarpe kantar, både bygningar, blad på trea og alt anna.

- Eg fekk ei skikkeleg wow-kjensle. Allereie då vart Lene fascinert over kva skilnad briller kan gjere for eit menneske. Og det skulle visa ho vegen til arbeidslivet i vaksen alder.

Sjølv om livet med briller vart veldig bra, var det tider det ikkje fungerte like godt. Lene gjekk på symjing i barndommen, og det var ikkje like lett med briller. Difor gjekk ho over til linser etter nokre år med brillebruk - og linser, det bruker ho enno.

Arebidsveke og sommarjobb

I 9.klasse vart det tid for arbeidsveke. Lene hadde Arnhild Myklebust, som er eigar og dagleg leiar på Brilleriet, til symjelærar, og ho spurte om å få vere der i arbeidsveka.

- Arbeidsveka mi vart sidan til sommarjobb, seier Lene. Ho fortel at ho arbeidde 4-5 år som sommarvikar og ekstrahjelp på Brilleriet, før ho sjølv vart ferdig utdanna optikar.

Bachelor i optometri

- For å bli optikar i Noreg må ein ta ein 3-årig bachelor i optometri ved Universitetet i Sør-øst-Norge i Kongsberg, fortel Lene.

- Auge og kropp heng saman, og ein må difor lære seg det grunnleggande om kroppen, seier Lene. Ho fortel at studiet starta teoretisk med praktisk retta med kliniske fag, undersøkingar og bruk av mikroskop. Etter kvart fekk studentane prøve seg på verkelege pasientar på skulen, under oppsyn av rettleiar. Det siste skuleåret er det tre månadar praksis.

Praksis på Madagaskar

Praksisen valde Lene å ta på Madagaskar saman med tre andre studentar. Det baud på heilt andre tilhøve og opplevingar enn i Noreg.

- Ein synstest i Noreg tek til vanleg rundt 45 minuttar og gir ei grundig kartlegging, medan på Madagaskar var det heile gjennomført på nokre minuttar, fortel Lene.

- Pasientane hadde gjerne reist 4-5 timer for å kome til augeklinikken, og dei snakka ikkje engelsk, seier Lene.

Ho og medstudentane måtte difor læra seg dei viktigaste orda på gassisk, og så kommuniserte dei med kvarandre så godt dei kunne.

Studentane hadde med seg koffertar med gamle briller frå Noreg, og dei opplevde at gamle, utgåtte briller verkeleg kom til nytte hos folket på Madagaskar.

Det vart eit kortare opphald på Madagaskar enn planlagt for Lene og dei andre, då dei måte reisa heim tidlegare grunna den mykje omtala koronapandemien.

- Eg skulle gjerne ha vore der lenger, seier Lene, som opplevde at dei verkeleg gjorde ein skilnad for pasientane.

Tilbake til brilleriet

No er Lene tilbake der det heile starta. Ho byrja i eit vikariat på Brilleriet i mai i år, og håper å få fortsette når det er ferdig.

- Det er veldig kjekke og hyggelege kollegaer å jobbe med, seier Lene. Ho arbeider på Brilleriet både på Heiane Storsenter og på Leirvik.

- Me er til saman 5 optikarar, i tillegg til alle dei andre medarbeidarane, fortel ho.

Det var ei lett avgjerd for Lene å kome tilbake til Stord og Brilleriet, sjølv om ho på den tida hadde arbeid på Brilleland i Bergen, og hadde vore der i to år.

- Det er kjekt i Bergen, men enda kjekkare på Stord, seier ho med eit smil.

- Me er veldig glad for at ho er komen heim igjen, og seier det til henne neste kvar dag, fortel optikar Anne Veivåg, noko kollega Berit Marie Hatlevik straks seier seg einig i. Det er god stemning i butikken, og det er lett å merka at dei trivst saman.

På rett plass

Dagleg leiar Arnhild Myklebust fortel at dei vil prøva å legga til rette for å behalde Lene etter at vikariatet er over.

- Det er stas å ha henne her, og me har følgt henne sidan ho var 8-9 år. Kanskje me har inspirert litt i yrkesvalet, seier Myklebust. Ho legg til at det er fint å få inn unge folk, noko som får fram latteren hos dei andre. Dei er samde om at ho trekk ned alderen blant dei tilsette.

- Å vera optikar er spennande og interessant, fortel Lene. Ein får arbeida både klinisk og med kundeservice. Det er ulike oppgåver, og ein vert ikkje lei. Ein jobbar ein del på bakrommet, og ved hjelp av undersøkingane kan ein oppdaga sjukdommar som både diabetes og høgt blodtrykk, sjølv om dei mest vanlege er grå eller grøn stær og andre augesjukdomar.

Å vera optikar er spennande og interessant. Ein får arbeide både klinisk og med kundeservice.

- Eg kjenner på ansvaret og tilliten frå kundane, seier Lene, som føler ho gjer ein viktig jobb. Ho veit sjølv kor viktig det er å sjå godt.

- Det er mangel på optikarar, og det er eit ettertrakta og sikkert yrke, fortel Lene og oppfordrar andre unge til å vurdere om det kan vera noko for dei.

- Eg trivst i alle fall veldig godt, seier Lene, som ville valt akkurat det same yrket og den same arbeidsstaden om ho skulle tatt valet på nytt igjen.